Opplæringsloven §4-6 andre til fjerde ledd
Lærekontrakten, opplæringskontrakten eller kontrakten om fagbrev på jobb kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunen skriftleg om det. Kontrakten om fagbrev på jobb fell bort dersom arbeidskontrakten fell bort.
Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb dersom
a. den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott på pliktene sine i arbeidsforholdet
b. ein av partane viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller
c. lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida
Fylkeskommunen avgjer i tilfelle når læreforholdet skal ta slutt. Lærebedrifta skal skrive ut ein attest for den delen av kontrakttida som er gjennomført med ei fråsegn om denne delen av opplæringa.